Ottadalen Begravelsesbyrå
Ottadalen Begravelsesbyrå

Norsk
  •   English
  •   Norsk
  •   Svenska
  •   Dansk
  •   Nederlands
  • Hjem
  • Til byråets hjemmeside
  • Om
  • Vilkår
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Privacy policy
  • Cookie policy
  •   Administrator innlogging
Meny
Gå til hjemmesiden
  • Startside
  • Bestill blomster
  • Om begravelsen
  • Dødsannonse
  • Galleri
  • Del
  • Portal


    Magnhild Visdal

    Født 15. september 1934
    Død 19. september 2025


    Minneord

    💗
    2026-04-18

    Fine Magnhild💗

    Hanna Louise Engum Viste
    2025-10-03
    Minneord

    Tenkjer på ho Magnhild som ei dugele grum å triveleg dame, som hadde kunnskap om mangt og mykje. Ho var vennleg og omtenksom, eg følte meg vel i selskap med henne. Kjenner ho som bestemor i barnehagen og ikkje minst frå husflidslaget. Der hadde vi mange fine stunder i lag, eg lærte plaggsaum av Magnhild og Signe , som eg har haft så mykje glede av. Takker for gode minner. ️

    Oskar Vistdal
    2025-09-27

    Minneord i Vågåkyrkja 26.9.2025

    91 år og fire dagar så gamal vart mor. Ingen i Vistdalsgardane har vorte så gamal så lenge ætt og alder kan rekkjast der. Klår heilt til det siste, lite flakkfør rett nok, men ikkje verre enn at ho feira siste årmålet heime for tolv dagar sidan.

    Tenk dykk 69 år attende åt ei tid da mest alt arbeid laut gjerast med handmakt. Mitt fyrste minne om mor er frå ein iskald haustdag i 1956, ein klevaskardag. Fyrst var det å koke kleda i log med heimkoktsåpe i ei stor panne i eldhuset, så bar det til med dengjenyl og tullarfjøl. Deretter var det ut og skylja kleda i ein stamp under ei vasstro i Rossekerbekken. Ser enda for meg kor truten og valen ho var på hendene av krava vatn.

    Den gongen var ho berre 22 år, men hadde alt lenge stått i med stridt strev, men mykje lenger skulle det bli fyrst opp om morgonen og sist til sengs om kvelden. Fjoset fyrst og sist kvar dag året rundt attåt allslags husstell, kokking, baking, vasking, syning, binding og bøting. Mest annsamt var det i onnene, for mellom matmåla stod ho med ute i både slått og skurd.

    Aller tyngst var skurdonna i bakkar så bratte at dei ikkje blir onna meir og er utlagde til hamn. Men før stod trevane og hesjene tett, minst ei tylft med lohesjer som ofte ikkje var fåande i hus før det leid langt ut i vinternettene. Nå er det annleis. Tolv hesjer den gongen vøre kanskje tolv rundballar nå. Men kva age står det av tolv maskinpakka plastikk-klankar mot blodslit i dage- om ikkje vekevis med meiding og kjembing, basting og bending?

    Det var å drive på seint og tidleg. Slitet var ofte umenneskeleg, men mor var ikkje den som sytte eller bar seg, ho var ei arbeidsgresje, arbeidet var ikkje berre eit middel, men eit mål i seg sjølv, ho levde i arbeidet. Ho vart gjerne unådug når eit verk var vunne, gjerandsløyse var gjerdløyse for henne og gjorde henne ilt siste åra, da ho ikkje lenger greidde gjera noko vidare.

    Men så lenge ho var frisk og før, fylte ho kvar litol ledig stund med hugmål som ho sette høgt, og dei stundene øykte på da maskinene tok undan meir av tungarbeidet. Ho var overlag hendt med handarbeid og sette seg mange minne i alle kleplagg ho batt og sydde på oss.

    Dei beste åra fekk ho etter at ho kom på kåret, for da kunne ho gjera mangt som ho hadde liv for, men ikkje hadde hatt stunder til før. Ho hadde ei kunstnarleg åre som synte og sanna seg i saum, og vart snart etterspurd særleg til å sy bunadsplagg. Kor mange plagg ho sydde, hadde ho knapt tal på, dei må ha vore fleire hundre. Attåt kom brodering, hekling og binding, for ikkje å gløyme rosemåling, som ho meistra med hug og hegd.

    Og så var ho ein grepa bakstar så lenge ho greidde andøve kjevle, fløyg og trinse. Ho vart nedrend og nedringd av innan- og utanbygds folk som skulle ha baka åt seg til jul, påske og lag av ymse slag kor mange tusen lefser, lomper og leivar det vart gjennom åra, er uråd å vita.

    Nå er det nye tider, men mor var usikker på kor gode dei er. Maskinene har teki over arbeidet, til lette for livet i Vistdalsbakkane og andre stader. Men letten har sin pris, ja, ågerpris, for maskinene har teki meir enn arbeidet: dei er ikkje lenger berre ambod, som dengjenylen og tullarfjøla var, nei, maskineriet har teki makta og gjort menneskja til træl og driv oss alle åt gravbakken før vi får sukk for oss. Heldigvis slapp mor undan dragsòget mot den avgrunnen.

    Ein utlang arbeidsdag er over. Fåe tek kveld med betre samvit enn mor. Fint at ho gjorde det akkurat den 19. september, ein stor festdag i det gamle Grekenland feiringa av Elevsismysteria om liv, daude og atterføding, da dei innvigde fagna såkornet gudslånet i visse om at gamalt lyt vike for at nytt skal vekse, sanna Jesu ord om at nytt liv lyt gro av daude. Hausten er som kjent såtid i Syden.

    Alt er fullført og fullgodt, mor er løyst or bast og bende. Takk for alt fred over minnet hennar.


    Tente lys

    Helene Lund
    2025-10-02
    Inger Kari Sæta
    2025-09-29
    Målfrid og Odd Nordgård
    2025-09-29
    Ketil, Hans og Øystein G.
    2025-09-29
    Kristin langøygard
    2025-09-27
    Hanne og Svein Tore
    2025-09-26
    Marit Larsen og Leif Plassen
    2025-09-26
    Gunnar og Guro ?
    2025-09-26
    Cynthia og Cathrine
    2025-09-26
    Kari F.Skjåkødrgårf
    2025-09-26
    Erik Ødegård m/fam
    2025-09-26
    Marianne O. Stadeløkken
    2025-09-25
    Ragnhild Romsås Bjørge
    2025-09-25
    Kirsti Olaug Myrhaug
    2025-09-25
    Marte og Ståle
    2025-09-25
    Lene Grev m familie
    2025-09-25
    Lina Svare Mork ?
    2025-09-25
    Rand
    2025-09-25
    ❤️ Live og Bjarne
    2025-09-25
    Aashild Viste
    2025-09-25
    Tuva Ryen
    2025-09-25
    Kjersti Mork Fagernes
    2025-09-25
    Oddveig og Helge
    2025-09-25
    Liv Mari og Ola Lusæter
    2025-09-25
    Frå Perstugun
    2025-09-25
    Line Aabakken
    2025-09-25
    Reidar Svare
    2025-09-24
    Ingrid Lien og Nils Valde
    2025-09-24
    Grete Lien
    2025-09-24
    Mari å Asbjørn Visdal
    2025-09-24
    Takker for fine stunder med deg ❤️Frode M Rudland
    2025-09-24
    Kvil i fred bestemor ❤️ Magnhild Midttun Rudland
    2025-09-24
    Takker for fine stunder med deg ❤️
    2025-09-24
    Wanja
    2025-09-24
    Arne Kvam
    2025-09-24
    Marit Rudland
    2025-09-24
    Inger Marie Bleka
    2025-09-24
    Lise Rudland
    2025-09-24
    Unner deg kvile bestemor❤️ Eldrid Rudland
    2025-09-24
    Kvil deg nå bestemor ❤️
    2025-09-24
    Torill Iversen og Magnar Kolden
    2025-09-24
    Kåre Holshagen
    2025-09-24
    Jo og Karin
    2025-09-24
    Signe og Ola Lyngved
    2025-09-24
    Anette Thoresen
    2025-09-24
    Bodil og Jon Kleiven m.fam.
    2025-09-24
    Hanne Aasheim
    2025-09-24
    Marte, Knut og Inga Berit Bø
    2025-09-24
    Grete Andreassen og Gunnar A. Solum
    2025-09-24
    Jenny Iversen Garmo
    2025-09-24
    Oddrun Haugen
    2025-09-24
    Johanne Hellebergshaugen
    2025-09-23
    Astrid Bodil Visdal
    2025-09-23
    Kari og Kjell Magne Fagernes
    2025-09-23
    Unni Øyjordet ?️
    2025-09-23
    Tea og Ivar Myrum
    2025-09-23
    Merete og Uno Løken
    2025-09-23
    Hans Brenden og Astrid Brandal
    2025-09-23
    Wenche Brun og Pål Øygarden
    2025-09-23
    ❤️ Anna, Anders og Emilie
    2025-09-23
    Hanna Berget
    2025-09-23
    Anders Bakken
    2025-09-23
    ❤️Natalie Lillebråten
    2025-09-23
    Eli Lunde Svare
    2025-09-23
    Ola Preststulen m/fam. ❤️
    2025-09-23
    Turid Aabakken
    2025-09-23
    Ragnhild O Runningen
    2025-09-23
    Aud og Kjell Bakken
    2025-09-23
    Trond Svare
    2025-09-23
    Kjellaug myrhaug
    2025-09-23
    Anne Pauline Tessnes?
    2025-09-23
    Ingrid Lunde Svare
    2025-09-23
    Gunn-Kari Myrhaug Aurmo
    2025-09-23
    Hanne & Magnar
    2025-09-23
    Eva og Terje Synslien m/fam. ❤️
    2025-09-23
    Randi Damstuen
    2025-09-23
    Olav kvarberg
    2025-09-23
    Ottadalen Begravelsesbyrå
    2025-09-22

    • Share in Facebook
    • Copy link
    • Send to mail