Takk for eille gode minner, for eill omsorg, for eill trøst, for eille gode ord, for vaniljesausen e fekk maule frå kjøkenglas, takk for alt du ha lært me på livets veig.
I dine siste år fekk du mange plågo og livet va ikkje berre godt mæ de. Likevel ha du eit smil på lur, eit fang åt våre små og den varme, gode klemmen som ingen andre enn du kunne gje.
Du ha bore åss på så mange måte, du ha vore ei enestående bestemor, ei urokkelig støtte for åss eille. Nå ha dagen kome, åss ska følgje de på din siste reis og nå æ dæ vår tur te å bæra de.
Åss unna de kvile, men savnet æ stort. Sov godt kjæraste og grummaste bestemor.
En hånd som bærer preg av et langt liv
øyne som skinner av godhet
og en livslang indre driv
Du har alltid plass til de små i ditt fang
du forteller historier og regler
og kan mang en barnesang
Du er alt som jeg en gang håper å bli
en bestemor av kaliber,
det må jeg få lov å si.
Takk for alt du gav oss, og for att du var den du var.
Kvil i fred Bestemor.
Kjære bestemor,
Dei siste åra vart ikkje enkle for korkje deg eller dei rundt deg. Demensen var tøff å møte, og stal deg frå oss før tida var inne. Men det er trøyst i å tenke at du nå endeleg får kvile, og at det uansett ikkje er desse åra vi kjem til å hugse deg for.
Oss barnebarna har ofte spøkefullt undra på korleis du med 'verdens minste fang' alltid fant rom for oss alle. Det både bokstaveleg og i overført betydning.
Og det er dette vi kjem til å hugsa deg for. Rausheita og varmen din. Smilet ditt og latteren. Og glimtet i auga mens du kjem med ein av dine vittige kommentarar.
Eg legg ved eit lite knippe bilde, som viser både skøyaren i deg (som er eitt av mine favorittbilde av meg og deg), korleis eg kjem til å hugse deg, samt eitt med eit av dine oldebarn der du viser genuin lykke.
Takk for at du alltid tok deg tid til oss. Og ikkje minst for at vi alltid visste at du var der for oss.
Ei siste helsing frå meg.