Minneord i Vågåkyrkja 26.9.2025
91 år og fire dagar så gamal vart mor. Ingen i Vistdalsgardane har vorte så gamal så lenge ætt og alder kan rekkjast der. Klår heilt til det siste, lite flakkfør rett nok, men ikkje verre enn at ho feira siste årmålet heime for tolv dagar sidan.
Tenk dykk 69 år attende åt ei tid da mest alt arbeid laut gjerast med handmakt. Mitt fyrste minne om mor er frå ein iskald haustdag i 1956, ein klevaskardag. Fyrst var det å koke kleda i log med heimkoktsåpe i ei stor panne i eldhuset, så bar det til med dengjenyl og tullarfjøl. Deretter var det ut og skylja kleda i ein stamp under ei vasstro i Rossekerbekken. Ser enda for meg kor truten og valen ho var på hendene av krava vatn.
Den gongen var ho berre 22 år, men hadde alt lenge stått i med stridt strev, men mykje lenger skulle det bli fyrst opp om morgonen og sist til sengs om kvelden. Fjoset fyrst og sist kvar dag året rundt attåt allslags husstell, kokking, baking, vasking, syning, binding og bøting. Mest annsamt var det i onnene, for mellom matmåla stod ho med ute i både slått og skurd.
Aller tyngst var skurdonna i bakkar så bratte at dei ikkje blir onna meir og er utlagde til hamn. Men før stod trevane og hesjene tett, minst ei tylft med lohesjer som ofte ikkje var fåande i hus før det leid langt ut i vinternettene. Nå er det annleis. Tolv hesjer den gongen vøre kanskje tolv rundballar nå. Men kva age står det av tolv maskinpakka plastikk-klankar mot blodslit i dage- om ikkje vekevis med meiding og kjembing, basting og bending?
Det var å drive på seint og tidleg. Slitet var ofte umenneskeleg, men mor var ikkje den som sytte eller bar seg, ho var ei arbeidsgresje, arbeidet var ikkje berre eit middel, men eit mål i seg sjølv, ho levde i arbeidet. Ho vart gjerne unådug når eit verk var vunne, gjerandsløyse var gjerdløyse for henne og gjorde henne ilt siste åra, da ho ikkje lenger greidde gjera noko vidare.
Men så lenge ho var frisk og før, fylte ho kvar litol ledig stund med hugmål som ho sette høgt, og dei stundene øykte på da maskinene tok undan meir av tungarbeidet. Ho var overlag hendt med handarbeid og sette seg mange minne i alle kleplagg ho batt og sydde på oss.
Dei beste åra fekk ho etter at ho kom på kåret, for da kunne ho gjera mangt som ho hadde liv for, men ikkje hadde hatt stunder til før. Ho hadde ei kunstnarleg åre som synte og sanna seg i saum, og vart snart etterspurd særleg til å sy bunadsplagg. Kor mange plagg ho sydde, hadde ho knapt tal på, dei må ha vore fleire hundre. Attåt kom brodering, hekling og binding, for ikkje å gløyme rosemåling, som ho meistra med hug og hegd.
Og så var ho ein grepa bakstar så lenge ho greidde andøve kjevle, fløyg og trinse. Ho vart nedrend og nedringd av innan- og utanbygds folk som skulle ha baka åt seg til jul, påske og lag av ymse slag kor mange tusen lefser, lomper og leivar det vart gjennom åra, er uråd å vita.
Nå er det nye tider, men mor var usikker på kor gode dei er. Maskinene har teki over arbeidet, til lette for livet i Vistdalsbakkane og andre stader. Men letten har sin pris, ja, ågerpris, for maskinene har teki meir enn arbeidet: dei er ikkje lenger berre ambod, som dengjenylen og tullarfjøla var, nei, maskineriet har teki makta og gjort menneskja til træl og driv oss alle åt gravbakken før vi får sukk for oss. Heldigvis slapp mor undan dragsòget mot den avgrunnen.
Ein utlang arbeidsdag er over. Fåe tek kveld med betre samvit enn mor. Fint at ho gjorde det akkurat den 19. september, ein stor festdag i det gamle Grekenland feiringa av Elevsismysteria om liv, daude og atterføding, da dei innvigde fagna såkornet gudslånet i visse om at gamalt lyt vike for at nytt skal vekse, sanna Jesu ord om at nytt liv lyt gro av daude. Hausten er som kjent såtid i Syden.
Alt er fullført og fullgodt, mor er løyst or bast og bende. Takk for alt fred over minnet hennar.
Vis mer
Vis mindre